Liv Synnøve Bøyum
Sekretær
Eg er fødd og oppvaksen i Fjærland, men mesteparten av mitt vaksne liv har eg budd på Nornesfeltet på Slinde. Eg er 58 år, har mann og vaksne gutar. Eg har erfaring som folkevald i kommunestyret, formannskapet og plan- og forvaltningsutvalet, og vore styremedlem og leiar i partiet. Arbeidserfaringa mi er frå offentleg sektor. Eg jobbar ved Høgskulen på Vestlandet, som er ein av dei viktigaste arbeidsplassane i kommunen
På fritida likar eg, som mange andre, å jakte høgdemeter i fjellet, og å syngje i Norum songlag.
Kandidat nr. 21
Styrke Sogndal som regionsenter!
- Gode og trygge oppvekstvilkår for alle barna i kommunen vår, er noko som opptek meg. Viss ikkje ungane våre har det bra, har ikkje vi andre det bra heller.Sogndal kommune er i vekst, det må halde fram.
- Vi vil styrke Sogndal som regionsenter. Kommunen skal vere attraktiv for verksemder som ønskjer å etablere seg her. Vi må derfor sikre at er areal til bustader og næring i heile kommunen.
- For meg er det og viktig at Arbeidarpartiet vil utvikle samarbeidet med Høgskulen på Vestlandet og Sogndal vidaregåande skule, og vere pådrivar for at det vert gitt utdanningstilbod i tråd med det ungdommane etterspør.