Stortingsrepresentant

Ingrid Bjørketun Heggø

Hei, eg er stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, bur på Kyrkjebø i Høyanger kommune i Sogn og Fjordane. Eg er inne i min andre periode her på Stortinget, og er medlem av næringskomiteen.Eg har ansvaret for virkemiddelpolitikken, eigarskap, reiseliv , Industri og romfart. AP sitt fremste fortrinn er å skape og trygge arbeidsplassar samtidig som det offentlige sikkerheitsnettet er der viss ein av ulike grunnar ikkje har ein jobb å gå til.Interessene mine utanom politikk er friluftsliv og lesing. Likar også hagearbeid og blomster, men får ikkje tid til det...