Stortingskandidat

Odd Harald Hovland

Mitt navn er Odd Harald Hovland og eg er 2. kandidat til stortinget for Arbeiderpartiet i Hordaland valkrets. Eg er gift med helsefagarbeideren Laila og me har fire voksne barn, eit fosterbarn og fire barnebarn. Eg arbeidar som politistasjonssjef i Sunnhordland og har tidlegare vore ordførar på Bømlo i åtte år.

Odd Harald Hovland

Bli bedre kjent med Odd Harald Hovland:

Eg har vore folkevald i Bømlo kommune i 12 år. I åtte av desse åra var eg ordførar. I den siste perioden (2015-2019) var eg også styreleiar i KS, Kommunesektoren sin interesseorganisasjon.

Mykje av velferdstenestene har kommunane ansvaret for, enten det gjeld skule, barnehagar, helse og omsorg eller tekniske tenester. For at desse tenestene skal vere gode og kunne utviklast må kommunane sikrast gode rammevilkår. Kommunepolitikarar vert alt for ofte stilt overfor vanskelege prioriteringar fordi det ikkje føl midler med nye oppgåver.

Kommunane er også viktige aktørar for å legge til rette for god næringsutvikling. Me treng ein offentleg sektor som har eit aktivt forhold til næringsutvikling. Dette gjeld både på lokalt, regionalt og sentralt nivå. Me er avhengig av eit næringsliv som er i utvikling og som skapar arbeidsplassar. Då treng me eit verkemiddelapparat som kan støtte opp under det flotte næringslivet me har på vestlandet.

For arbeid til alle er jobb nr. 1 for oss. Det seier eg fordi arbeid er nøkkelen til fridom og likeverd. Arbeid gjer deg uavhengig, men det krev eit anstendig arbeidsliv og Arbeiderpartiet er garantisten for det. Eit arbeidsliv som gjer deg ei løn du kan leve av og ein standard der heile faste stillingar er normen. Eit arbeidsliv der den norske modellen og partssamarbeidet er ein hovudpillar.

Det er eit faktum at klima endrar seg og at det er menneskeskapt. Det krev at me må gjennom ei stor omstilling i samfunnet vårt. Difor skal me ha ein klimapolitikk som kuttar utslepp og som skapar jobbar. Det er trong for ein aktiv næringspolitikk som sikrar arbeidsplassar og som bygger på skuldrene av dei næringane me har idag.

Det har alltid vore slik at me løyser dei store oppgåvene best saman.