Hadia Tajik om statsbudsjettet: Dessverre er hovudbiletet frå dei sju siste statsbudsjetta at regjeringa sviktar neste generasjon.
Innlegg i Stortinget 7. oktober
Me er mange som er stolte over landet vårt, men når ein lagar eit statsbudsjett, må ein spørja seg: Kva er det landet vårt treng no? Det landet vårt treng no, er eit meir rettferdig og meir klimavenleg Noreg der fleire har moglegheita til å vera i jobb. Det er ei retning for landet som Arbeidarpartiet vil ta ansvaret for.
Dessverre er hovudbiletet frå dei sju siste statsbudsjetta at regjeringa sviktar neste generasjon. Verken på klima, på rettferdig fordeling eller på verdiskaping viser dei det motet eller den handlekrafta som trengst. Dette er ei regjering som har råd til skattekutt til dei som har mest, men som ikkje har råd til medisin for migrenepasientar. Det er ei regjering som openbert trur dei har tid til å venta med dei store avgjerdene for å få klimautsleppa ned.
I fjor auka klimautsleppa i Noreg, sjølv om me har forplikta oss på kutt. Det er nok sant som Erna Solberg sjølv har sagt, at det er tøffare å stå på for klimaet i ei regjering der det er nokon som ikkje er så opptekne av det.
Arbeidarpartiet har levert forslag til budsjett der me òg viser kor det er me kuttar i klimautsleppa, altså eigne klimabudsjett. Men regjeringa har ikkje gjort det denne gongen heller. Arbeidarpartiet vil at Nordsjøen skal bli eit europeisk sentrallager for karbon, òg fordi det vil kunna skapa mange tusen nye arbeidsplassar.
Regjeringa har ikkje klart å bestemma seg no heller. Klimakutt vert skuva ut i tid, og dei vert skuva ut av landet. Me ønskjer å kutta meir heime.
Eit område som finansministeren var inne på som er positivt, og som eg vil trekkja fram, er betydinga av havsatsing. Det er noko som Arbeidarpartiet har etterlyst lenge. Men planane for Nordsjøen bør ein sjå meir i samanheng. Havvind, karbonlagring, meir elektrifisering av oljeplattformane – dette er noko som ikkje berre bør skje i rykk og napp, dette bør skje målretta for å byggja nye industriar.
Norsk økonomi går godt. Det er bra. Det er likevel uro i global økonomi, og det er noko som òg kan smitta over på oss. Før låg me i toppsjiktet på delen folk i arbeid. I 2009 var det berre Sveits og Island som låg over oss. I fjor fall me ned til ein sjetteplass. Dei siste seks åra har det blitt fire nye unge uføre kvar einaste arbeidsdag, og delen unge uføre som ikkje har fullført vidaregåande skule, har blitt større.
Me har ikkje meir pengar å bruka på meir i kontantstøtte, på skattekutt som ikkje skapar arbeidsplassar, eller på multinasjonale konsern som vil inn i velferda og tena seg rike på skattepengane til vanlege folk. Pengane må brukast på å behalda folk i jobb og på å få fleire folk i jobb.